Agalaus - Nasjonal kunstfestival 2015 på Voss
I 2015 er det 50 år sidan Kjartan Slettemark sitt Vietnam-bilete vart øydelagd av ein mann med øks. Gjennom Agalaus vil me utforska om kunst kan skapa slike reaksjonar i dag.
Agalaus vil visa visuell kunst som er uredd og ustyrleg, som rører og provoserer.
Opplev nær 40 ulike nasjonale og internasjonale kunstprosjekt. Festivalen syner stort spenn i ulike visuelle kunstartar, og tar i bruk både tradisjonelle og utradisjonelle visningsrom. Me ynskjer å setja Voss på kartet som ei moderne og modig kunstbygd!
Festivalen er ei nyskaping i festivalbygda Voss, og er den einaste innanfor det visuelle kunstfeltet. Kulturplanen til Hordaland fylkeskommune har ein visjon om at regionen vår skal vera leiande i Europa innanfor kunst og kultur.
Agalaus vil skapa vitalitet og aktivitet på Vangen og i nærområda. Me ynskjer samstundes å trekkja merksemd frå heile landet.
Me skal syna aktuell, visuell kunst med høg kvalitet. Gjennom festivalen vil me bidra til profesjonell kunstproduksjon med kunstnarar frå inn og utland. Utrykksformene vil vera svært varierte.
Du får oppleva kunst der du ventar å finna den og der du minst ventar det. Kunsten kan vera ein del av omgjevnadane, noko du møter utan å ha oppsøkt den, og den som betraktar kan bli ein del av kunstverket.
Den nasjonale kunstfestivalen er i regi av Norske Kunstforeninger, og avholdes annet hvert år på ulike steder i Norge. I 2015 arrangeres den av Voss kunstlag.
Kos dekan!
Helsing Voss kunstlag