Tre Brør : Visuell kunst 

Ingrid Hole

“EI AV OSS” - AVDUKING

Tre Brør | laurdag 14:00

Voss kunstlag syntest det var for få statuar av historiske kvinner på Voss. Me trekte difor ut ei tilfeldig kvinne mellom alle nolevande kvinner busett på Voss. Prosjektet har fått namnet «Ei av oss» og Ingrid Hole er den utvalde som skal heidrast med ei statue. Avdukinga skjer under Agalaus.

I 2013 oppmoda Norske Kunstforeninger alle kunstlag om å delta på ei kartlegging av alle statuane av historiske kvinner i Noreg gjennom prosjektet Fast plass. Voss Kunstlag var mellom dei som deltok i registreringa – av fire minnesmerke over historiske personar på Voss, var berre ein statue av ei kvinne.

Dette inspirerte kunstlaget til å gjere noko med statistikken, og prosjektet «Ei av oss» vart sett i gang. Kort fortalt vil Voss Kunstlag reise ein statue over ei tilfeldig nolevande kvinne busett på Voss.

Kunstlaget trekte ut ti kvinner blant alle over 18 år. Eit par på lista takka nei, og dermed vart det Ingrid Hole (53) som får æra
av å få ein statue av seg sjølv i Voss sentrum.