Gamlekinoen : Årsmøte
Norske Kunstforeningers årsmøte 2015
Norske Kunstforeninger ønskjer delegatar, medlemmar i kunstforeiningane og observatørar varmt velkomne til årsmøtet i Gamlekinoen, Uttrågata 9, Voss fredag 29. mai kl. 10.00–16.00.
Årsmøtet er det øvste organet i Norske Kunstforeninger. Det vert vekselvis arrangert i tilknyting til ein kunstfestival, og i samband med eit fagseminar i Oslo. I 2015 dannar Kunstfestivalen Agalaus på Voss ramma for årsmøtet.
Saker som årsmelding, årsrekneskap, handlingsplan, medlemskontingent, budsjett og val av styremedlemmar, vert lagt fram for delegatane som representerer dei 162 medlemsforeiningane våre.