Kunsthall Coop : Visuell kunst
Felieke van der Leest
Kunsthall Coop | torsdag - laurdag 11.00-19:00 sundag 12:00-16:00
Kunstnarsamtale laurdag 15:00-16:00
Felieke van der Leest (1968) er ein internasjonalt anerkjent smykkekunstnar frå Nederland, og har de siste åra vore bosatt i Hardanger. Ho har styrka smykkefaget ved å bruka teknikkar frå tekstilarbeid. Ved å kombinera desse med gull, sølv og plastikk har ho gjennom 15 år utvikla sitt eige spesielle uttrykk.
Frå oppveksten tok ho med seg inntrykk frå den lokalen dyrehagen ho ofte vitja, tiliks med kunnskapen og erfaringane frå utdanninga i smedfaget i Schoonhoven og kunst akademien i Amsterdam som og har vore viktig. Se rein bort frå det tydeleg humoriske i arbeida hennar, finn ein tidvis og ei uventa alvorleg side.Vår tids tema som miljø, vår handtering av dyr og alle typar sosiale problem, vert også berørde.
Det er et sterkt ønske hos Felieke at smykkene skal vere berbare, og ofte får beraren ganske mye oppmerksomheit, for man må trekke på smilebåndet i møtet med dei!