: Seminar/Foredrag 

Manndom, Mot & Morske Menn

Om mannlig seksualitet - for menn
Gjernes | laurdag 10:00-18:00

Eit kurs for deg som vil ha betre nyting av sex og verta betre på kjærleik og relasjonar. Kvinner finn i dag nye vegar til seksuell tilfredss- tilling, og har fleire og fleire verktøy for si eiga frigjering. Det vert meir og meir akseptert med kvinneleg seksuell utleving, og for kvinner i dag opnar det seg opp stadig nye mogelegheiter for ein fri og frisk seksualitet.

Det finst rikeleg med kurs for kvinner om korleis kvinner skal oppleva meir nyting, og endåtil for menn om korleis dei skal gi sine kvinner meir nyting - men mannens seksualitet er fortsatt i svært høg grad ein kvit flekk på kartet.
Mannen har altså vorte akterutsegla. I dag er man- nleg seksualitet (i det minste på enkelte områder) meir skambelagt enn den kvinnelege, ut frå ei offertenking som dessverre i alt for høg grad pregar vår kollektive måte å sjå på menn - uansett om me er menn eller kvinner.

Manndom, Mot & Morske Menn er skapt med ambisjonen om óg å opna opp for mannens nyting - og forbetra balansen mellom mannleg og kvinneleg seksualitet.