Vangen : Performance 

Linda Eide: kunsttur

Linda Eide goes Agalaus! - og inviterer til kunsttur. Bli med på ei vandring rundt om påVossevangen. Frå den eine kunstskatten meir sentral, enn den andre. Nytt og gamalt, høgt og lågt, breitt og smalt. Gjennom historiske anekdotar og audmjuke tonar, syner Linda Eide at absolutt all norsk kunst har røter frå ein viss stad, på fire bokstavar.

Også Skrik. Ja, og Sinnataggen, så klart. Og forøvreg kunne guiden heitt Linda Slettemark. Me seier ikkje meir. Men det gjer Linda.
PS: Ikkje umuleg at det vert ein kunstpause med bollar og Kaffi! (Denne løyvinga er ikkje heilt på plass, men det ordnar seg nok)

Vangen | fredag og laurdag 16:00-17:00
sundag 12:00-13:00 og 16:00-17:00

Kunstnersamtale med Rahmi Maktabi i Gamlekinoen laurdag 13:00-14:00.