Voss sentrum : Visuell kunst 

Gro Navle

Til Agalaus vil eg gjere bilete av jenter i ulik alder, måla i mitt eige blod.
Tre generasjonar, tre ulike utgangspunkt for livet med ei felles blodlinje. Motiva vert måla rett på vegg, der ver og vind vil arbeide vidare med dei til dei forsvinn. Det forgjengelige, augneblinkar som aldri kjem attende, frå ein barndom til den neste.

Gro Navle sine objekter kjem til å dukka opp i offentleg uterom under heile festivalen.

Kunstnarsamtale på Tre Brør sundag 14:00-15:00